- Ja, hei. Eg ringer for å høyre om du framleis tek oppdrag i forbindelse med rasfare?
- Jo, både ja og nei.
- Jaha, svarar eg og tek det som eit ja, grisk som eg er etter framgang. Har du tid til å sjå på eit område vi vurderar å bygge på?
- Både ja og nei, seier denne ambivalente geologen igjen.
Og igjen lenar eg mot ja-et og klarar å avtale eit tidspunkt for ras-utsjekking. Han kjem 3.mars, og det er han far som tek i mot han. Eg er ubrukeleg i slike samanhengar, det vil sei i situasjonar der eg må følgje med på ting eg ikkje har snøring på, i dette tilfellet geologisk vurdering av rasfare. (Eg nikker og smiler, men er like klok/dum etterpå.)
Enda på visa er at geologen kjem, konkluderar med at det ER rasfare og krev/anbefalar at det vert sett opp ein såkalla rasvoll. Det luktar ekstra utgifter og det luktar unødvendig lang tid før vi kan flytte inn i drømmehuset. Vi mista litt lysta på akkurat denne tomta og startar å sjå oss rundt på farsgarden etter andre aktuelle stadar å bygge.

(Dette er altså IKKJE staden vi vil bygge på. Ville berre illustrere eit steinras.)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar