mandag 8. mars 2010

Kjære rasmannen...

Stakkars rasmannen som må forholde seg til oss, eller helst meg då. På fredag var eg skråsikker på at vi forkasta heile "rasfare-tomta" og bevega oss nærmare mamma og pappa sitt hus. Kul som eg er sendte eg ein mail til rasmannen (geologen) der eg nærmast ba han om å putte heile rasfare-rapporten sin opp i ... og aldri kontakte oss igjen (ok.det var jo ikkje det eg skreiv.eg eige då folkeskikk. men eg hadde lyst.) Søndag ettermiddag står vi og ser utover området vi vurederar tomter i, og er igjen tilbake til at vi vil bygge i det såkalla rasfare-området. Grunnen er enkel; utsikta er fantastisk der og vi slepp å bu så nært dei tre(!) andre husa som ligg i området. Skal ein først bygge såpass landleg som vi har valgt å gjere, så må vi no jammen utnytte det òg. Rasvoll skal bli! Om eg så må sette meg i ei gravemaskin og bygge den sjølv. (Eg er forferdeleg tøff for tida altså!).
Så, ei litt ydmyk Kristine sender difor ein mail til rasmannen der ho ber fint om at han utarbeidar ein rapport til oss likavel.

5 kommentarer:

  1. Jeg ville ha bygd der det var rasfare viss jeg var deg.

    SvarSlett
  2. vil du at eg skal bli tatt av raset?

    SvarSlett
  3. prøver igjen du..... best med utsikt, men ka skal de med utsikt om du ikkje får sove pga rasfare.....

    SvarSlett
  4. Jippi!!!! fekk til å kommentere, men måtte vere annonym..... Else

    SvarSlett
  5. Må få preisere at rasfaren er svært liten, men den er der. Det er ikkje meir rasfare der vi skal bygge enn for eksempel der mamma og pappa bur no. Med ein rasvoll så treng vi ikkje ligge vakne og vere redde for ras :-)

    SvarSlett