lørdag 13. mars 2010

Gode naboar- gull verdt!

Denne helga går visst med til å sosialisere seg med framtidige naboar. I går hadde eg koseleg besøk av Solfrid, og i dag får eg besøk av Marianne og vesle Anna. Gode naboar er gull verdt etter mi meining! (Folk og fe som ein skal forholde seg til kanskje resten av livet.. det seier seg sjølv.. )
Vegard er på skredkurs med Røde Kors i dag grunna den store skredfaren som er i fylket no. (Ser ut til at denne bloggen fort kan bli ein favoritt blant geologar og andre geekar. Unormalt mykje preik om ras og skred her.hehe.)

Fint besøk krev litt oppvarting, og difor har eg slått på stortromma og baka.. SKILLINGSBOLLAR! Får håpe dei fell i smak.



Men før vi set tenna i dei, skal vi trille jentene ein liten tur i sola. God helg!

onsdag 10. mars 2010

Loppis og andre skattar

Dei fleste har vel fått med seg at det ikkje berre er nødvendig, men også in med gjenbruk i desse dagar. Eg og V er som mange andre opptekne av miljøet, og spesielt V som sender meg drepandes blikk om eg skulle vere så uheldig og hive papir i feil dunk og omvendt. (Jada, eg ser den. Men av og til er det fullt i den eine bossdunken, og då..ka?skal eg hive det på bakken da?!).
Anyway..poenget er at i ein "bygge hus kontekst", som vi er i no, så er det viktig å tenke litt nytt for å spare både pengar og miljøet. Difor er vi så smått begynt å leite etter skattar på loppemarknad, gjernbruksbutikkar, diverse loft og kjellarar. Og vi finn, vi finn! Det er ikkje berre nødcvendig, det er kjekt òg. Ein finn så mykje fint at. Her er nokre av skattane..


Denne hylla har pappa arva av onkelen sin. Med nokre enkle grep (litt maling og to knaggar), så vart den til ei koseleg og praktisk hylle som skal henge på kjøkkenet.


Lampefoten fann vi på gjenbruksbutikken i Førde, og skjermen hadde eg liggandes heime. Denne lampa likte faktisk Vegard veldig godt! (Trur du den hadde passa på eit likhus?!hoho..).

mandag 8. mars 2010

På kvinnedagen og greier..

..får eg blomstrar, gåvekort på spa, reint kjøkken, oppredd seng og lovnadar om at han skal bli betre på å ta sin del av husarbeidet..

..av denne gladguten(eller "happy salmon" som han tittelerte seg sjølv som i samtale med nokre amerikanske slektningar).

Thalie vil òg ha massasje på spa!

Å bli oppvarta med blomstrar og gåver er vel ikkje så veldig kvinnedag-ish, men at mannen tek sin del av husarbeidet..då snakkar vi!

Kjære rasmannen...

Stakkars rasmannen som må forholde seg til oss, eller helst meg då. På fredag var eg skråsikker på at vi forkasta heile "rasfare-tomta" og bevega oss nærmare mamma og pappa sitt hus. Kul som eg er sendte eg ein mail til rasmannen (geologen) der eg nærmast ba han om å putte heile rasfare-rapporten sin opp i ... og aldri kontakte oss igjen (ok.det var jo ikkje det eg skreiv.eg eige då folkeskikk. men eg hadde lyst.) Søndag ettermiddag står vi og ser utover området vi vurederar tomter i, og er igjen tilbake til at vi vil bygge i det såkalla rasfare-området. Grunnen er enkel; utsikta er fantastisk der og vi slepp å bu så nært dei tre(!) andre husa som ligg i området. Skal ein først bygge såpass landleg som vi har valgt å gjere, så må vi no jammen utnytte det òg. Rasvoll skal bli! Om eg så må sette meg i ei gravemaskin og bygge den sjølv. (Eg er forferdeleg tøff for tida altså!).
Så, ei litt ydmyk Kristine sender difor ein mail til rasmannen der ho ber fint om at han utarbeidar ein rapport til oss likavel.

lørdag 6. mars 2010

Lørdagsmorning!

God tid, god frokost og god stemning. Kva vil dagen bringe? Kanskje på kafè, kanskje på besøk, eller kanskje ein lang, deilig tur? Eg skal i alle fall nyte min lille, deilige familie! I forhold til hus/tomt så er planen at vi i løpet av helga skal ut og kike litt på nye potensielle tomter.


Familien Gillestad/ Slettehaug har nett stått opp. Re opp senga? Nee..Oppskrytt!


Eit lite lørdagsbad må til.

fredag 5. mars 2010

Fantastisk!


Sjekk ut: www.retrovilla.dk

Eg kunne aldri hatt ein gjennomført retro stil i huset mitt, det blir rett og slett for "masete", men retroinnslag: Hell yeah!

Vegard likar best det som eg kallar "likhus-stilen". Veeldig minimalistisk, reine linjer og mykje børsta stål. Ah-ah. Trukje det! Vi skal ha det KOSELEG, og innerst inne så veit eg at han likar det han òg..
Eg tenker at ei lett blanding av moderne, shabby chic og retro vil gjere susen for å tilfredsstille min interiør-schizofreni..

To hus tett i tett

Lite nytt på husfronten i dag. Vi skal mest truleg ut og sjå litt på ei anna tomt i samme området der det IKKJE er rasfare i helga. Eg likar den tomta òg, men minuset er at den ligg veldig tett under huset til mamma og pappa. Ein ting er å bu i nærheten av foreldre/svigerforeldre, ein anna ting er å bu tett i tett. "To hus tett i tett". (Fantastisk barne-tv-serie som gikk ein gang på 80-talet om tre generasjoner som budde nær kvarandre...).

Og sånn elles..eg veit det er lenge til vi kan begynne å innrede "Drømmehuset", og dette er ikkje noko interiørblogg, men herregud..SJÅ kor fint!




(Henta frå Hus & Hem).

torsdag 4. mars 2010

Vi er i gang!

Då var vi, Eg, Vegard og lille Thalie, endeleg i gang med huset vi har snakka så lenge om. Vel, i gang var jo å ta litt hardt i. Eg har i alle fall ringt til rasmannen som vi kallar han. På fint heiter det vel geolog eller noko i den dur. Grunnen til at eg har gjort det, er at staden som drømmetomta til drømmehuset ligg på visstnok har ein potensiell rasfare i følgje dei som veit (og har auge). For spesielt interesserte utarta telefonsamtalen med mister pensjonert geolog seg slik:
- Ja, hei. Eg ringer for å høyre om du framleis tek oppdrag i forbindelse med rasfare?
- Jo, både ja og nei.
- Jaha, svarar eg og tek det som eit ja, grisk som eg er etter framgang. Har du tid til å sjå på eit område vi vurderar å bygge på?
- Både ja og nei, seier denne ambivalente geologen igjen.
Og igjen lenar eg mot ja-et og klarar å avtale eit tidspunkt for ras-utsjekking. Han kjem 3.mars, og det er han far som tek i mot han. Eg er ubrukeleg i slike samanhengar, det vil sei i situasjonar der eg må følgje med på ting eg ikkje har snøring på, i dette tilfellet geologisk vurdering av rasfare. (Eg nikker og smiler, men er like klok/dum etterpå.)
Enda på visa er at geologen kjem, konkluderar med at det ER rasfare og krev/anbefalar at det vert sett opp ein såkalla rasvoll. Det luktar ekstra utgifter og det luktar unødvendig lang tid før vi kan flytte inn i drømmehuset. Vi mista litt lysta på akkurat denne tomta og startar å sjå oss rundt på farsgarden etter andre aktuelle stadar å bygge.


(Dette er altså IKKJE staden vi vil bygge på. Ville berre illustrere eit steinras.)