lørdag 26. februar 2011

I `m back.

Hei og takk for sist!
Ja, da var det dags for å gje dåke sultne blogglesarar litt å tygge på igjen. Synst spesielt synd i deg Johanne som sit i timesvis (månadsvis) og trykker på oppdater og håpar det har skjedd noko nytt på bloggen...:)
Vel,vel..Det er ikkje reint lite som har skjedd sidan sist. Vi har valgt entreprenør (Naustdal Bygg), huset er ferdigteikna og gravemaskinmann er hyra inn. Huset til bestefar er dessutan vekke/gone/jevna med jorda. Nuvel, grunnmuren står der jo enda, men det vil gravemaskinmannen ta seg av. Og det e så DEILIG at ting skjer! No ventar vi berre på at telen skal gå ut av jorda, og at byggemeldinga går i orden, så er vi i gang. Det er med skrekkblanda fryd at vi snart er i gang med sjølve husbygginga. Javisst er det kjekt å bygge sitt eige hus, men ein får seg nokre overraskingar av og til. Ein mur som kostar 100.000,- feks??! Hjelpe meg.. Den dagen V kom heim og fortalte barselkvinna si at "du veit den muren vi må ha bak huset, den vart litt dyrare enn kva vi hadde venta...osv" var det ei lett nevrotisk Kristine som gråtkvalt låg på sofaen og ropte "Vi kjem aldri meir til å kunne reise på ferie! Ha det Shopping! Ha det spa! Ungane mine kjem til å bli mobba sidan dei må gå med klede frå NITTENNITTIFEM!!" Akk..det her livet.. det er hardt altså. Etter litt pedagogisk godsnakk frå V, klarte han som vanleg å få meg til å innsjå at sjølv om vi må gje veldig mange av pengane våra til banken dei kommande (80) åra , så kjem vi nok til å få det ganske så fint likavel. Jada. Eg veit. Friske ungar, tak over hauet, mat i magen. Check,check,check.
Speaking of materialistisk.. Eg vil ha, men har ikkje råd. Heldigvis finnst det ein billegare kopi av denne fantastiske Eames-stolen!