fredag 5. mars 2010

Fantastisk!


Sjekk ut: www.retrovilla.dk

Eg kunne aldri hatt ein gjennomført retro stil i huset mitt, det blir rett og slett for "masete", men retroinnslag: Hell yeah!

Vegard likar best det som eg kallar "likhus-stilen". Veeldig minimalistisk, reine linjer og mykje børsta stål. Ah-ah. Trukje det! Vi skal ha det KOSELEG, og innerst inne så veit eg at han likar det han òg..
Eg tenker at ei lett blanding av moderne, shabby chic og retro vil gjere susen for å tilfredsstille min interiør-schizofreni..

To hus tett i tett

Lite nytt på husfronten i dag. Vi skal mest truleg ut og sjå litt på ei anna tomt i samme området der det IKKJE er rasfare i helga. Eg likar den tomta òg, men minuset er at den ligg veldig tett under huset til mamma og pappa. Ein ting er å bu i nærheten av foreldre/svigerforeldre, ein anna ting er å bu tett i tett. "To hus tett i tett". (Fantastisk barne-tv-serie som gikk ein gang på 80-talet om tre generasjoner som budde nær kvarandre...).

Og sånn elles..eg veit det er lenge til vi kan begynne å innrede "Drømmehuset", og dette er ikkje noko interiørblogg, men herregud..SJÅ kor fint!




(Henta frå Hus & Hem).

torsdag 4. mars 2010

Vi er i gang!

Då var vi, Eg, Vegard og lille Thalie, endeleg i gang med huset vi har snakka så lenge om. Vel, i gang var jo å ta litt hardt i. Eg har i alle fall ringt til rasmannen som vi kallar han. På fint heiter det vel geolog eller noko i den dur. Grunnen til at eg har gjort det, er at staden som drømmetomta til drømmehuset ligg på visstnok har ein potensiell rasfare i følgje dei som veit (og har auge). For spesielt interesserte utarta telefonsamtalen med mister pensjonert geolog seg slik:
- Ja, hei. Eg ringer for å høyre om du framleis tek oppdrag i forbindelse med rasfare?
- Jo, både ja og nei.
- Jaha, svarar eg og tek det som eit ja, grisk som eg er etter framgang. Har du tid til å sjå på eit område vi vurderar å bygge på?
- Både ja og nei, seier denne ambivalente geologen igjen.
Og igjen lenar eg mot ja-et og klarar å avtale eit tidspunkt for ras-utsjekking. Han kjem 3.mars, og det er han far som tek i mot han. Eg er ubrukeleg i slike samanhengar, det vil sei i situasjonar der eg må følgje med på ting eg ikkje har snøring på, i dette tilfellet geologisk vurdering av rasfare. (Eg nikker og smiler, men er like klok/dum etterpå.)
Enda på visa er at geologen kjem, konkluderar med at det ER rasfare og krev/anbefalar at det vert sett opp ein såkalla rasvoll. Det luktar ekstra utgifter og det luktar unødvendig lang tid før vi kan flytte inn i drømmehuset. Vi mista litt lysta på akkurat denne tomta og startar å sjå oss rundt på farsgarden etter andre aktuelle stadar å bygge.


(Dette er altså IKKJE staden vi vil bygge på. Ville berre illustrere eit steinras.)