søndag 8. april 2012

I hus!

Oi! Det er tre månader sidan vi kom i hus..På høg tid at det kjem eit innlegg? Skulle jo tross alt vere ei dagbok å sjå tilbake i frå husbygging og første tida i nytt hus det her. Det var 8 personar  innom bloggen min i går. Haha. og kva skjer med at eg nærmar meg 1000 treff?! Kjekt det da. Trur bloggen vart litt tiltak med tanke på at eg er heilt grønnskolling når det kjem til utforming av den. Av ein eller anna merkeleg grunn trur veldig mange at i og med at eg jobbar i eit reklamebyrå kan det her. Som feks venninder av mamma: "du Kristine som jobbar med sånn data, kvifor får eg ikkje til å legge bilda mine frå Egypt på ein minnepenn?"Nei, nei, nei. Eg jobbar ikkje med data, det er berre eit verktøy i jobben min. Vegard jobbar med data. Han er programutvikler. Eg derimot beherskar word ok (ja det er strengt tatt alt eg treng for å kunne SKRIVE) og excell er vi jo også innom av og til for å sjekke om butikken går bra, men avansert utforming av blogg, der er eg blank. Ja, og sidan vi har litt fokus på det estetiske her inne på mittsitthus så vart det litt nedtur å publisere innlegg på nivå med fjerdeklasse edb..

Velvel, her i vårt nye, fine hus har vi det ganske så bra du! Når folk spør kva som er det beste med å bu i nytt hus, er det ikkje at eg har fancypancy tapet, eller avansert kokeplate, men den fantastiske følelsen eg får når vi låser oss inn i huset etter jobb. Fra gangen ser du inn i stua og vidare ut dei store vindua. Der openbarer fjell og fjord seg og alle dagens problem og stress er glømt. KLisjeklisje, men ingen hemmelighet at eg er veldig glad i å ha det luftig rundt meg. Opplever mildere form for angst om eg oppholder meg i by og blant høgblokker for lenge. Trur eg mangler ett eller anna...Bygenet kanskje?

Hei så lenge! (Når vi når 1000 treff blir det giweaway. haha, nei det blir det ikkje)

Optimalt sett skulle det vore eit bilde av fargen vi skal male loftsstua vår i her, men det er det openbart ikkje. Gaddakj. Ikkje i dag. Men det kjem straks eit innlegg (til sommaren kanskje) som skal heite "Vi pusser opp!".  Deeeerfor tar eg eit random bilde som ligg på macen. Spennande!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar