søndag 14. november 2010

Heij, bloggen!

Here it comes...MALENE!
Kor skal eg begynne...Ikkje at det skjer SÅ masse på husbyggingsfronten, men eitt og anna har da skjedd. Vi har feks fått tre pristilbod fra tre ulike entreprenørar,der eitt skilde seg litt ut på pris. Har endå ikkje bestemt oss, men pris e så klart en viktig faktor.. Oooog: Tomta er no fråskild. Hurra Naustdal Kommune!!Huset som står på tomta vår e nesten klart for riving, så det begynner vi med med når mamsen og pappsen kjem heim frå Dubai om ei veke. Vegard har vore og kjøpt seg brekkjern OG øks på Biltema. Gler seg som ein unge! Elles e det tusen valg å ta; golv, lister, maling, tapet, kjøkken, trapp, oppvarming, bad, fliser, romløysning osv,osv.. Det e så vidt eg tør å sei det..men...eg e allerede litt lei. Gleda meg veldig til veggar og tak e på plass slik at eg kan begynne å dille med småting. Ei venninde spurte meg her ein dag om kva for ein stil eg ville ha i huset mitt. Godt spørsmål.. Eg likar element fra så mange ulike stilar. Det kjem til å bli litt av eitt virvar. Men eg har trua! Veit veldig godt kva eg likar og ikkje likar. Og det er jo tross alt vi som skal bu der. Skal nok få det koseleg skal du sjå. Mja, og så e det berre to veke til troll nr.to skal komme. Håpar det blir like roleg som Thalie var (dei første månadane vel og merke..) slik at eg i permisjonen får tid til å tenke og jobbe litt med desse tusen vala ein må ta når ein bygger seg hus.
Ha det bloggen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar