lørdag 17. desember 2011

Lamper


Vi (haha,"vi"!) har valgt tinek-lamper til stue og kjøkken. To grå over kjøkkenbordet og ei kvit i stua. Dei er ikkje oppe enda, men over helga trur eg nok finingane henger der. 

(For tida bur vi heime hos mamma og pappa. Det blir nok ikkje jul i nye huset, for TTT! Det er uansett ikkje så nøye. Vi feirer jul hos svigers og lar hus vere hus på denne spesielle dagen.)

søndag 4. desember 2011

Vegen mot Kili-senga..


15.05.2009
K: Kan vi kjøpe Kili-seng til babyen?
V: Ka den kosta?
K: Em..ca 5000,- (Den kostar minst 6000,- med madrass).
V: Nei.

30.08.2009
K: Vi må kjøpe babyseng snart. Skal vi kjøpe den der Kili-senga?
V: NEI: Eg BRUKAR ikkje 5000,- på ei baby-seng.
K: Neivel.

Vi kjøper kjip Ikea-seng

Lotta kjem snart til verda:
K: Skal vi kjøpe Kili-seng til babyen? Åh, den er så fin! Dessuten, dessuten så er det kjempemiljøvennleg, for den veks med barnet og vi treng ikkje kjøpe ny seng før babyen er åtte.
V: Eg brukar ikkje 5000,- på ei babyseng.

Nok ei kjip Ikea-seng blir kjøpt inn.

Oktober 2011
K: Tenk å hatt ei Kili-seng på det nye rommet til Thalie...Kan ikkje ho få det?
V: Vi får vel kjøpe den der Sili-senga då.
K: ????????????!

Jippijippijippi. Den blir levert neste veke!









fredag 2. desember 2011

Status og tapet
Då er det ca eit svangerskap lenge sidan sist eg blogga . Eg har ikkje hatt verken tid eller lyst, så prosjekt "oppdatere folk på husbygginga" har rett og slett gått litt i vasken. Vi nærmar oss innflytting, og berre småting gjenstår. (Ja, dersom trapp, fliser, kjøkken og dører går under kategorien småting vel og merke..) Det beste hadde sjølvsagt vore at vi kom i hus før jul, men slik det ser ut no blir det nok ei mellomlanding hos mamma og pappa fram til romjul/nyåret. Sidan det å pynte til jul er noko av det triveligaste og kjekkaste eg veit, så er eg litt gretten for tida. Vi flyttar ut om nokre dagar, så det ikkje noko poeng i at eg hiver opp ein haug med pynt når eg likevel må ta det ned att nokre dagar etter. Er det lov å pynte eit uferdig hus? Berre ei lita stjerne? Og nokre kongler? Trur snekkarane hadde lurt litt om eg heiv inn nokre kongler i det uferdige huset.

.






 Her er vertfall to av tapetane vi har valgt. Den som eg kallar lilla og Vegard kallar rosa er hengt opp på kjøkkenet. Mamma synst det var "litt mye", eg synst den er kjempefin! Og Vegard synst som sagt at den er ROSA. "Skal vi ha ROSA kjøkken" var første kommentaren då eg viste ei prøve på den. Vi skal jo ikkje det:) Tanken bak den andre tapeten, som er ein illusjon av ein slitt trevegg, var å gjenskape litt av det som var der før i bestefar sitt hus. I utgangspunktet ønska eg å ta vare på tømmerveggen som var i gamle huset og sette den opp att på eit vis i det nye, men det vart i følge pappa for komplisert. Mitt neste ønske var å spikre opp ein vegg i råpanel, men her var Vegard skeptisk. "Kva skal du gjer når du er lei den om fem år? Eg gidde ikkje rive den ned for deg". Mhm..ja, så vart det denne då. Fin den òg:)
Ps: Eg slit litt med å plassere bilda der eg vil ha dei, men vi kan jo late som om det skulle vere sånn.