mandag 10. mai 2010

Bort på kemmunen..

Fredag kan fort bli ein merkedag for oss. Då skal vi nemleg bort på kemmuunen og få litt hjelp med diverse søknadsskjema. " Utfylling av skille-frå-tomt-på-gard-skjema for dummies" trur eg hadde solgt som hakka møkk. KEM E DET som sette seg ned og fyller ut desse skjemaene utan å verken blunke eller be om hjelp?! I kva situasjonar i livet erverva en seg egentlig slik kunnskap?! Både eg og V sitte berre og hoffa og klør oss i hauet mens vi ser på desse skjemaene. Ja, og så legge vi dei vekk og gjer kjekkare ting (som å bla i huskataloga og drømme om kva traktor som skal stå på tunet). Men nuh skal det bli andre bollar! Berre pass dåke Naustdal kommune. Her kjem vi med tusen spørsmål og en unge under armen som kan rope "mæ-ma" høgt og ustanseleg i fleire timar!!

søndag 2. mai 2010

Litt inspirasjon frå Dr.Ole

Kvar gong vi køyrer forbi det nyoppførte nabohuset til Vegard (i Bygstad) påpeikar eg alltid kor bra/flott/fint/søtt/kult det huset er! I forrige veke inviterte vi oss sjølv på besøk til Dr.Ole som er den stolte eigar av dette flotte huset. Ohoooo..i det eg gikk inn i stua og såg den fantastiske løysninga Arki (arkitekter) hadde valgt for tomta, med blant anna tidenes høgaste vindu som ramma inn Storehesten, var eg igjen skråsikker på at arkitektteikna hus er det einaste rette for oss. Herre, kor bra! Det var sjølvsagt ikkje alt av innredning eg ropte hurra for( ikkje så rart sidan dette ikkje er MITT hus med MINE ting), men sjølve huset (grovteikningane?) var mycket bra. Eg har sansen for Arki, det må seiast!

Og sånn elles har eg bestilt ein heil haug med huskatalogar for meir inspirasjon, teikna huset vårt slik eg ser det for meg(Vegard sa eg var flink til å teikne) oooog lese interiørbloggar til den store gullmedalje. Den derre "Fransk Landstil".. . den e jo fin den, men når 90% av interiørbloggarane gjennomfører den i husa sine, så blir ein etter kvart litt lei av å sjå på kvite sofaer og slitte speglar.. Eg synst i alle fall at det blir mykje likt og hadde hatt problem med å finne det personlege i desse husa..Men hey! Eg er sjølv veldig påvirkelig og stel stadig idear om det er noko eg synst er fint. Men eg vil jo ikkje at huset mitt skal sjå nøyaktig ut som naboen sitt fordiom(hehe..DET skjer jo ikkje. Ho Kjellaug og han Ove på Bøen sin stil vil eg få STORE problem med å kopiere).

Noko av det eg gledar meg mest til å innrede er barneromma..Må skynde meg å gjere det før ho skal bestemme sjølv! Det her likte eg godt.



(Boligpluss.no)