onsdag 14. april 2010

Oh,lord..

OK. Eg e egentlig litt i mot å bruke grådig mange pengar på ting til kidsa mine som EG har lyst på..men den her..sikker på at Thalie digga den også. Sånn innerst inne!


Om faren digga det like masse-at eg svir av 1900,- på en radio, d e ei heilt anna sak..hmmm...eg veit ikkje heilt. Han har enda ikkje kome seg over sjokket av frisørrekninga mi...

søndag 11. april 2010

Grilling på g..

Denne helga har V vore på Røde Kors kurs kvar dag, noko som betyr at eg og Thalie måtte klare oss på eiga hand. Det klara vi fiint! Vi har blant anna vore på taco hos Kat, ole & Kris, besøkt Bygstad og alle dei fine folka der, og ikkje minst grilla med framtidige naboar.Ein solfylt lørdagsettermiddag i april egna seg svært godt for grilling på tunet hos naboen. Vi kosa oss!

Ein John Deere kopi på tunet er obligatorisk for alle små jenter som veks opp på gård. Denne gangen fikk vi låne Agathe sin, men med tid og stunder må Thalie få sin egen trur eg..


Else kunne som vanleg friste med mykje godt på grillen..



torsdag 8. april 2010

Arkitekt eller ikkje..

Eg har den siste tida fått heile TRE førespurnader på om det ikkje skjer noko nytt på bloggen snart (Eg og Ida Wulff vettu). Difor mine (tre) kjære lesarar skal eg prøve å skjerpe meg og blogge litt hyppigare.

Det nyaste nye på husfronten er at vi skal rive bestefar sitt hundre år gamle hus. Ja, eg veit, det svir. Men må man så må man. Då det gjekk opp for meg at DET var eit alternativ (å rive bestefar sitt hus og sette opp eitt nytt der), så var det ingenting anna eg ville meir. Det er ei fantastisk fin tomt midt i smørauget med panoramautsikt og gode greier. Eitt anna stort pluss er at det ikkje ligg heilt for seg sjølv slik som forrige alternativ gjorde (det såkalla rasfare-området). Ypperlig for supermørkeredde Kristine. Eller..eg er jo ikkje akkurat mørkeredd, tar meg gjerne ein rusletur i skogen i svartaste natta..men veldig husredd når huset ligg for seg sjølv.

Det store spørsmålet no er: Arkitekteikna hus eller ikkje? Eg heller veldig mot arkitektteikna. Som ei arkitekt-venninde av meg så godt sa det: Når de ikkje betalar noko for tomta, så synst eg JAMMEN de kan spandere på dåke eit arkitektteikna hus og få det akkurat slik de vil. Enig med du!

Her er då utsikta til venstre. (Kunne vi berre fått jevna det derre museet med jorda, så hadde jo det her blitt gode greier. Men la gå. Kjekt med ein kafe ved sidan av. Lefser rett frå takka er sjeldan feil).



Her ser du huset til bestefar. Dør litt innvendig ved tanken på at vi skal RIVE dette nydelige huset. Men det blir for lite og for dårleg stand til ein familie på (snart)åtte.



PS: Desse bilda fann eg da eg googla (eller "fant det på gågg som pappa seie) "Slettehaug". Bitte, please nicht saksøch mich du deutche turist som har tatt desse...